Hamar dialekt- og mållag

Støtt Hamar dialekt- og mållag med Grasrotdelen frå Norsk Tipping!

Bruk org.nr.:
998 010 381
Grasrotandelen

eller støtt laget direkte på kontonr.:
1503.26.91959

Velkommen til Hamar dialekt- og mållag

Hamar dialekt- og mållag er ein frivillig organisasjon som består av språk- og kulturinteresserte personar i (på) og rundt Hamar.

Vi er opptekne av dialekter, språk og kultur, og eitt hovudpoeng med mållaget er at vi ønskjer å bidra til at dialektene i Noreg har gode levekår, og at også skriftspråket nynorsk kan ha gode levekår ved sida av bokmål.

Hamar dialekt- og mållag har mange medlemmar som først og fremst er bokmålsbrukarar, og det er ikkje eit krav at ein sjølv skal bruke nynorsk aktivt. Hamar dialekt- og mållag arbeider for språkleg mangfald og likestilling, og at både dialekter og skriftspråka kan trivast godt i det språklege fellesskapet. Medlemmane i Hamar dialekt- og mållag har derfor éin ting felles: ein støttar det språklege mangfaldet, og vi prøver å arrangere føredrag og andre aktivitetar for å skape språkleg medvit.

Ta gjerne kontakt, eller kom innom nynorskkafeane for å slå av ein prat.
Vi er eit inkluderande fellesskap, og du er velkommen hos oss uansett alder, dialekt, språk eller annan kulturell bakgrunn.

Les vedtektene  her.

Slepp nynorsken til